Følgere

fredag 10. august 2012

So far so good!

1 måned har gått sidan eg drog frå Noreg med ein tung koffert og eit åpent sinn. Kva har skjedd her nede? Kultursjokk? Heimlengsel? Hetetokter? Sliten?  To av tre. Inne imellom nummer 4.

- Klær! I eit forsøk på å passe betre inn blant den indiske befolkningen, har eg anskaffa meg nye indiske plagg. Fleirtalet av plagga har blomstermønster. Dette passar meg fint, sidan eg allerede er glad i blomsterplagg. Hurra! Å bruke singlet og shorts er litt kulturelt fyfy, så t-skjorteskille og leggskille blir fint.

-  Piercing! Eg har tatt piercing i nasa. Ein liten "diamant" gjer at eg tilnærmer meg det indiske imaget. Samtlige av oss kvinnelege utvekslingsstudentar har pierca nasa. Så unikt er det ikkje...

- Språk! Eg tar hinditimar frå mandag-torsdag. Til å begynne med mista eg nesten motet. I starten såg skriftspråket ut som eit skriftspråk frå Mars, men med tida har eg begynt å få tak på det. Pugging og tolmodighet er nøkkelen. Uttalen er veldig krevande, to-tre like ord uttales forskjelleg. Retroflex, dental, labials. Hæ, tenker du kanskje. Det er litt hæ. Men hindi er eit vakkert språk, og eg er heldig som har sjansen til å lære meg det. Hindi er eit av av dei 22 nasjonale språka i India (!). Språk er fantastisk!
Hindiskrift. Pugge pugge pugge..

-  Yoga! India er yogaens heimland. På universitetet her tar eg eit yogakurs, som gir studiepoeng. Noko liknande finns ikkje i Bergen. Tirsdag og torsdagsmorning startar med tøy, bøy, pust og meditasjon. Den vakre læraren vår snakkar om dei ulike "states of mind". Målet med yoga er å vere tilstede i nuet. "Bring your mind to the breath". Det er det vi prøvar på..

- Studier! Universitetet her er annerledes frå Høyden i Bergen.  Her er campus stort og frodig. Kvar morning setter eg meg på min rosa skranglete sykkel på veg til forelesning. Ringer med bjella ved forbikøyring. Og det fine er at her stjeler ingen sykler (litt kulturell naiv må ein vere).
I forelesningene bruker ein av professorene mine krittavle. Den indiske aksenten og lyden frå takviftene, fører til at vi må skjerpe konsentrasjonen betrakteleg. 2 timer forelesning utan kaffepause kan også inne imellom vere hardt. Forelesar vil også at vi skal sitere han direkte. Ofte stokkar engelske ord og begreper seg saman.
Pensum er ikkje ferdig kopiert og samla i kompendiumer. Vi må aktivt spørre professor om kva vi skal lese på, for så å finne bøkene. Dermed går vi til kopisjappa og får kopiert opp ein del av pensumet. Dette hadde eg aldri trudd eg skulle seie, meeeeeen eg saknar kompendium og Studia.


Lykken er ein sykkel.

- Veir! Klimaet her er fantastisk fint! Behageleg temperatur og moonsontid kler naturen inn i ei grønn kappe. Eg kan med trygghet konstantere at eg ikkje vil bruke orda "kaldt", "kjølig" og "fryse" så lenge eg er her nede. Og eg skal ikkje møte den norske vinteren i år.  Eg skal vere heit fram til mai. Hurra!
 
Frodig ved ein av Hyderabads innsjøar


-  Mat! Mitt møte med indisk mat har sålangt vert upåklageleg. SÅ mykje god mat! India er vegetarmaten sitt heimland, og eg har ikkje ete kjøtt på nesten 1 måned. Dette har diverse årsaker. Eit enkelt resturantbesøk der eg åt Tikka Masala (kylling) førte til eit ubehageleg møte med termen "Indian belly". Vegetarrettar er tryggare (innbiller eg meg) og det er så godt. Ein må berre huske å ete yoghurt ved sidan av. På den måten beholder ein tunga (spicy skjønner du). Her finns også mykje god frukt. Mango, ananas og papaya er favorittar.

Dette var nokre tankar og erfaringar eg har gjort meg sålangt. Og meir skal det bli.

                            Skitt, livet er fint!

tirsdag 7. august 2012

Å kjenne at ein er til!


Denne helga var vi på tur til Hampi! Hampi er ein liten by i delstaten Karnataka. Denne indiske byen er ein viktig stad, både historisk og religiøst. Tidligare var Hampi hovudstaden for hindi-imperiet Vijayanagara, som regjerte på 1300-1500 talet. Denne helga besøkte vi blant anna ruinene etter dette imperiet. Hampi anbefales på det sterkaste!

Torsdagskveld hadde vi pakka sekken, og var forberedt på å sitte på buss i 9 timar. Alltid spennande med kollektiv trafikk i andre land, spesielt i India. Spesielt også når det handlar om tid. Vi blei ståande å vente på bussen vår i 3 timar, i regnet. Bussmenneskene på kontoret roa oss ned med "Its coming in 10 minutes". Denne setninga må tolkast som ei høflighetsfrase, og tillegges ein stor dose tålmodighet. Ti minutter er aldri ti minutter.

Vi kom omsider fram til Hampi neste morning. Humpete veg, hysterisk tuting og risikofylte forbikøyringer var gløymt. Vi innlosjerte oss på eit koseleg lite hostell, og oppdagelsesferden kunne starte.

Helga var utruleg innholdsrik. Høgdepunktet var dagen då vi leigde motorsyklar og ein lokal guide. Guiden tok oss med på ein fantastisk rundtur i Hampi. Naturen i dette området var så fantastisk fin. Palmar, mango og banantrær, store steinar, og eit rikt dyreliv satte ei idyllisk ramme rundt Hampi. Eg synest det var fint å kome unna den ellers så skitne og bråkete storbyen Hyderabad. I Hampi spaserte det kuer rundt omkring i gatene, og apekattar slengte seg frå hus til hus.

"Gje oss rupies, og du får eit bilete med oss"
Meg og ei heilag ku.

  Guiden kunne fortelle oss at Hampi er ein attraktiv stad for pilgrimar frå heile India. Den heilage elva og dei gamle templene er viktige religiøse knutepunkter. Vi var vitne til ein fargerik parade, som visstnuk var del av ein større festival. Vi såg også pilgrimer bade i den heilage elva, og vi fekk ein hinduistisk prest til å knuse kokosnøtter for oss. Det er fasinerande å vere vitne til dei ulike religiøse praksisene, og ein forstår at religion har ein viktig funksjon for menneskene i India.

Mennesker og tempel


Vi blei fortalt at festivalen var til ære for apekattguden. I India finns det ein festival for alt mulig.

Herlege barn i paraden.


 Bortsett frå gamle ruiner og parader, tok guiden oss med på noko sjukt noko. Det skulle vise seg å vere ein aller så liten opptreden beståande av to menn og 5-6 kobraslanger. Mennene forsikra oss om at tennene til slangane var fjerna, og at dei dermed var ufarlege. Slangane bevegde seg etter fløytespel, og vi var skrekkslagne fasinerte. Nokon var tøffe nok til å halde dei, men ikkje den undertegnede. Ein stad går grensa. Likevel ei surrealistisk og kul oppleving!


Kobraslanger!



                                                       Innholdsrik helg og mange bilder!

Virupaksha-tempelet i bakrunnen. I framgrunnen utvekslingsstudentar og indiske venner.
Tempel-elefanten Lakshima velsigna oss med snabelen for 10 rupies.

Rampete apekattar

Ruiner og fint landskap

Turistbilete ved elvebredden.

Herlig indisk lunsj ved "Mangotree".

Genialt framkomstmiddel for ein billig penge..

Fantastisk utsikt

I farta bilete. Indiske barn synes det er stas med kamera.

Matlaging i stor skala

Vanligvis er denne elva større i moonsoontida. Men i år regnar det mindre enn vanleg..

Betenkte damer ser utover ruinene etter Hindi-kongen.

onsdag 25. juli 2012

Sightseeing i Hyderabad!

I helga som var, blei det tid til å sjå seg om i Hyderabad. Dette var på mange måtar etterlengta, sidan studentlivet på campus kan opplevast som ei boble. Det blir lett å tenke at folkelivet er "der ute". Noko det også er.
Som i Noreg er helgene forelesningsfrie, og helga er perfekt til å bruke på akkurat det ein måtte ønske. På laurdagen var vi ein liten gjeng, som bestemte oss for å utforske gamlebyen Hyderabad. Dermed vart dette dagen der vi erfarte vårt første møte med togkulturen i India. For i dette landet er det tog som gjelder. Eg hadde forestilt meg eit fullstappa tog med mennesker og kyr. Det skulle vise seg at toget kun var stappfullt med mennesker. Like greit.  Toget var delt inn i kvinne og herreseksjonar, som i og for seg indikerer ein kjønnsdelt indisk togkultur.


Tog!

Søndagen var vi også ei større gruppe, som besøkte gamlebyen Hyderabad. Denne gongen hadde vi vår eigen buss.
I gamlebyen besøkte vi "Charminar", som betyr "Mosque of the four Minerats" og "Four Towers". Charminar er det mest kjente monumentet i Hyderabad, og det er lokalisert i midten av gamlebyen. Charminar var eit imponerande byggverk, men det var ikkje dette som fanga min oppmerksomhet mest. Rundt dette monumentet finnes det eit utruleg folkeliv. Markeder, dyr, mennesker, biler og rickshawer skapar ein følelse av det komplette kaoset. Kaoset eskalerer også når ei gruppe vestlege studentar traskar rundt her, og oppmerksomheten vi får er enorm. Overveldande, og på kanten til det absurde. Her er det nemlig heilt vanlig å bli fotografert saman med indere og gjerne med fleire av familiemedlemmane. Ei amerikansk jente opplevde å måtte halde ein liten unge, slik at mora kunne ta bilete av dei. Eg undrar over om bildet endar opp på ein indisk stuevegg. For min del har eg aldri før følt meg som ein kjendis, og dette er kanskje det nærmaste eg kjem. Morsomt!

Charminar!
Kvar er Willy?










Kjære mamma. Eg vurderer ein tur til den lokale tannlegen..
"I carried a watermelon".



Denne dagen fekk vi også besøkt Salarjung Museum, som huser kunstverk frå heile verden. Vi besøkte også Chowmahalla Palace, som i kontrast til basarene rundt Charminar var eit fredfylt område. Dette palasset var tidligare hovudsetet til Asaf Jahi dynastiet på 1800 talet.


Flotte jenter ved Chowmahalla Palace.




Inne imellom kunst, historiske bygningar og gateliv fekk vi smakt på ekte indisk mat, der tallerkenen var bytta ut med bananblad. Bestikket bytta ut med fingrene. Det er dessutan ein kulturell greie i India, at ein ikkje skal ete med venstre hånd. Dette er noko eg må jobbe hardt med. Eg er venstrehendt.






Diane is happy!





















fredag 20. juli 2012

India, deg kan eg like!

No er det ei veke sidan eg forlot norsk jord. Her nede føles det ut som ein måned. Eit nytt land, ny kultur, nye mennesker og eit nytt universitet gir følelsen av eit tidsperspektiv lengre enn ei veke.
Busituasjonen her minner om ein folkehøgskule-tilværelse. Her bur ein tett saman med andre. Å synge i dusjen her, faller seg ikkje like naturleg som heime i Noreg.
All mat på huset her fortærer ein saman i ein stor spisesal. Lydnivået er høgt, og samtalane krinsar omkring navn, nasjonalitet, kva fag ein tenker å ta, osv. Maten i seg sjølv er fantastisk god, servert av eit smilande personale.

Denne veka har vi også blitt betre kjent med universitetet og campus. Vi har gått på såkalt "courseshopping", der vi kan stikke innom ulike forelesninger. På denne måten kan ein sjå ann fag og professorer. Tilgangen på informasjon, til dømes om tidspunkt for fag, sted for undervisning osv er avhengig av at vi oppsøker professorene personleg. Dette er veldig annleis frå kva vi er vant med, som studentar i Bergen. I social sciences bygget er det mange korridorer, som minnar om ein labyrint. Det har dermed vert ein del frustrasjon, og ein saknar at informasjon ikkje blir gitt over nett. Men dette tar vi med eit smil, og begrunner det med kulturforskjellar. Her går alt på India sine premisser, og ting tar lengre tid her..
Eg har vert innom interessante forelesninger, og har bestemt meg for nokre fag. Yoga- theory and practice, Sociology of India og Indian Diaspora blir nokre av faga eg skal ta dette semesteret. Eg har også muligheten til å ta Basic Hindi. Sidan hindi er det nasjonale språket i India, hadde det vert veldig kjekt å kunne forstå litt av språket.

Vi har også gjort oss litt betre kjent i Hyderabad. Det er ingen lett sak. Her bur det over 7 millioner mennesker. Det er med andre ord vanskeleg å orientere seg. Byen Hyderabad er interessant og kontrastfylt. På den eine sida finns det høge fancy bygningar i High-tech city. Eit kjøpesenter vi har besøkt er meir moderne enn nokon av dei norske kjøpesentra i Noreg. Her får ein tak i alt ein måtte ønske, og ein får følelsen av at ein ikkje eigentleg er i India.
På den andre sida finns her kaotiske marked, der ein verkeleg får ta pulsen på indisk kultur. Indere stirrer, og stoppar for å ta bilete av oss. Vi er vestlege attraksjonar i ein indisk kontekst. Tiggere i alle aldrer stoppar oss. Trafikken er kaotisk. Dette er ikkje landet å vere distrè i. Alt dette er så annerledes og samtidig spennande :) Og allerede etter ei veke kan eg garantere at bagasjen heim blir overfylt med indiske skattar! Venner og familie, gled dykk!


Fargerikt!
På markedet fekk vi også dekorert hendene våres. Med blanda resultat.





onsdag 18. juli 2012

Fargerik semesterstart!

"School of social sciences". Her kjem eg til å ta dei fleste av faga mine. Bygningen innheld labyrintar av gangar. Ikkje like lett å finne fram til riktig professor og riktig forelesning. Eg eiger heller ikkje retningssans..
Meg, Kaia og Gjertrud på indisk resturant. Nydeleg mat! Men maten var ikkje fullt så tilfredsstillende dagen derpå.
Til venstre i bildet, ein "rickshaw". Transportmiddelet vi benyttar oss mest av. For 7-8 kr kjem vi oss rundt omkring, ofte med indisk musikk over høgtalaren. God stemning!
Hinduistiske gudar i alle formar og fasongar. Det er med god grunn, at India blir kalt for ett av verdas mest religiøse land.
Mange flotte ting på markedet. Og til ein billig penge!
Campus, grønt og frodig. Etterkvart skal vi få leigd oss syklar. Det blir fint :)
Her bur vi!





søndag 15. juli 2012

Så var vi her!

Det var ein sliten gjeng, som etter over 20 timar på reisefot kunne stige ut av flyet i Delhi. Varmen slo mot oss med all sin kraft, og India-eventyret var endeleg igong. Uttrykk som "dette er heilt sjukt" og "tenk at vi er i India" blei nevnt opp til fleire gongar. Letta.

Frå Delhi tok vi flyet til Hyderabad, byen eg skal bu i dei neste 11 månedene. Tenk det. Sålangt har inntrykka vert gode. Vi bur på eit hyggeleg hostell for internasjonale studentar, som ligger ein halvtime utanfor sjølve bykjerna. At Tangore er eit veldig internasjonalt hostell er ein sannheit med modifikasjonar. Dette semesteret vil studentane stort sett antan vere norske eller amerikanske. Med amerikanere i fleirtal. Hyggeleg det altså. Området rundt er frodig, grønt og rolig. Det er på mange måtar ein behageleg plass å bu, unna byens verste kaos. Ulempen ved å bu på eit frodig område, er dei 50 ulike slangetypane som finnes her.  Med andre ord, det blir ingen joggeturer på meg. Eg skal heller satse på å leige meg ein sykkel. På den måten kjem ein seg lett rundt omkring på universitetsområdet. Det blir spennande gjere seg betre kjent.
Vi har smakt på indisk mat, det finns utruleg mykje godt å smake på. Og heldigvis har magen det fortsatt bra. På hostellet får vi tre måltider om dagen, noko som er ok+ for ei som ikkje er fullt så glad i matlaging. No til veka skal vi ha orientering om ulike fag, og vi skal få ein heil del informasjon om semesteret. Det skal bli godt å kome igong, og ikkje minst bli betre kjent med menneskene her.

Det er mange inntrykk og tanker, som surrer i hovudet no i starten; Indere stirrer på oss med nyskjerrige blikk, rister på hovudet når vi spør dei om noko (det kan bety både ja,nei og kanskje), trafikken har få eller ingen regler, utenom at eit kort tut og eit langt tur betyr ulike ting, det er varmt. Plutseleg går strømmen.
Ein føler også at ein må forte seg med å utforske, uten å heilt vite kor eller korleis ein skal starte. Samtalene handler ofte om kor i India ein ønsker å reise i ferien, dette før ein har gjort seg kjent med byen ein faktisk bur i. Vi er ivrige og eventyrlystne, samtidig som vi er litt usikre på kva som venter oss. 

Ingen tvil om at dette blir eit spennande og annerledes studieår, og eg gledar meg til å kaste meg ut i det med heile min norske kropp!

 
Neste stopp, New Delhi.






Utanfor eit av fakulteta, "study in India program"




torsdag 12. juli 2012

Avreise imorgon!!

Jippi!! Imorgon (!!) setter eg meg på flyet til Hyderabad. Sommarfuglar i magen! Etappen er Sandane - Oslo - Helsinki - New Delhi - Hyderabad. Mitt utvekslingsopphald står for døra. Etter to år som antropologistudent ved universitetet i Bergen, skal eg endeleg ut i den store verda.
Vi er tilsaman 5 studentar frå UIB, som skal studere ved University of Hyderabad. Vi blir ein fin gjeng! To av oss skal studere der eit heilt år. Forventningane er mange.
Nyskjerrige og med hovuda fulle av tankar, trer vi ut av komfortsona her heime i Noreg, og reiser til eit land fylt av kontrastar.

Eg har brukt mykje tid på å forestille meg korleis det vil bli. Blir kultursjokket så stort at eg aldri blir den samme igjen? Vil eg klare å formidle alle dei sterke inntrykka, når eg er tilbake i Noreg? Vil eg starte alle setningar med "Då eg studerte i India"? Sannsynligvis. Kultursjokk og sterke inntrykk blir ein del av opplevinga.

Kvifor India? Det er eit godt spørsmål. India har alltid fascinert meg. Gjennom populærkultur og turisme har ein høyrt om Bollywood, Taj Mahal, Ganges, hinduistiske gudar, heilage kuer, Mahatma Gandhi, og så mykje meir. India er nærmast eit kontinent. Med sine 1,2 milliardar innbyggarar er India eit av det mest folkerike landet i verda. Kvifor ikkje reise dit å erfare fenomener, som ein ikkje finner på den nordlege halvkule? Nye lukter, mennesker, kultur, landskap, mat, historie, tradisjonar, osv. Det er alt dette som fascinerar meg meir enn noko anna! Antropologi i praksis.
Nokon kallar meg tøff, eg kallar meg priviligert. Denne muligheten ser eg på som unik.

Det blir spennande å skulle studere ved eit indisk universitet. På University of Hyderabad studerar det omlag 5000 studentar. Indere, men også andre internasjonale studentar studerar her. Eg vil med andre ord møte mennesker frå ulike delar av verden. Å bu og studere ved dette universitetet,  blir både ein personleg og fagleg utfordring. Forskjellar på studiekvardagen i Bergen og i Hyderabad blir eit faktum.

Kaffepauser blir bytta ut med chaipauser, norske forelesarar bytta ut med engelskspråklege forelesarar, antropologifag bytta ut med indisk filosofi og historie, SIB sine spinningtimar bytta ut med yoga, vått Bergensveir bytta ut med eit varmt klima. Dette må jo berre bli bra!

Denne bloggen vil eg oppdatere så ofte eg kan. Venner, familie, bekjente, og andre interesserte kan følge med!



                          "Verden er en bok, og de som ikke reiser leser kun en side" - St. Augustine

Hyderabad ligger i staten Andra Pradesh