Følgere

fredag 10. august 2012

So far so good!

1 måned har gått sidan eg drog frå Noreg med ein tung koffert og eit åpent sinn. Kva har skjedd her nede? Kultursjokk? Heimlengsel? Hetetokter? Sliten?  To av tre. Inne imellom nummer 4.

- Klær! I eit forsøk på å passe betre inn blant den indiske befolkningen, har eg anskaffa meg nye indiske plagg. Fleirtalet av plagga har blomstermønster. Dette passar meg fint, sidan eg allerede er glad i blomsterplagg. Hurra! Å bruke singlet og shorts er litt kulturelt fyfy, så t-skjorteskille og leggskille blir fint.

-  Piercing! Eg har tatt piercing i nasa. Ein liten "diamant" gjer at eg tilnærmer meg det indiske imaget. Samtlige av oss kvinnelege utvekslingsstudentar har pierca nasa. Så unikt er det ikkje...

- Språk! Eg tar hinditimar frå mandag-torsdag. Til å begynne med mista eg nesten motet. I starten såg skriftspråket ut som eit skriftspråk frå Mars, men med tida har eg begynt å få tak på det. Pugging og tolmodighet er nøkkelen. Uttalen er veldig krevande, to-tre like ord uttales forskjelleg. Retroflex, dental, labials. Hæ, tenker du kanskje. Det er litt hæ. Men hindi er eit vakkert språk, og eg er heldig som har sjansen til å lære meg det. Hindi er eit av av dei 22 nasjonale språka i India (!). Språk er fantastisk!
Hindiskrift. Pugge pugge pugge..

-  Yoga! India er yogaens heimland. På universitetet her tar eg eit yogakurs, som gir studiepoeng. Noko liknande finns ikkje i Bergen. Tirsdag og torsdagsmorning startar med tøy, bøy, pust og meditasjon. Den vakre læraren vår snakkar om dei ulike "states of mind". Målet med yoga er å vere tilstede i nuet. "Bring your mind to the breath". Det er det vi prøvar på..

- Studier! Universitetet her er annerledes frå Høyden i Bergen.  Her er campus stort og frodig. Kvar morning setter eg meg på min rosa skranglete sykkel på veg til forelesning. Ringer med bjella ved forbikøyring. Og det fine er at her stjeler ingen sykler (litt kulturell naiv må ein vere).
I forelesningene bruker ein av professorene mine krittavle. Den indiske aksenten og lyden frå takviftene, fører til at vi må skjerpe konsentrasjonen betrakteleg. 2 timer forelesning utan kaffepause kan også inne imellom vere hardt. Forelesar vil også at vi skal sitere han direkte. Ofte stokkar engelske ord og begreper seg saman.
Pensum er ikkje ferdig kopiert og samla i kompendiumer. Vi må aktivt spørre professor om kva vi skal lese på, for så å finne bøkene. Dermed går vi til kopisjappa og får kopiert opp ein del av pensumet. Dette hadde eg aldri trudd eg skulle seie, meeeeeen eg saknar kompendium og Studia.


Lykken er ein sykkel.

- Veir! Klimaet her er fantastisk fint! Behageleg temperatur og moonsontid kler naturen inn i ei grønn kappe. Eg kan med trygghet konstantere at eg ikkje vil bruke orda "kaldt", "kjølig" og "fryse" så lenge eg er her nede. Og eg skal ikkje møte den norske vinteren i år.  Eg skal vere heit fram til mai. Hurra!
 
Frodig ved ein av Hyderabads innsjøar


-  Mat! Mitt møte med indisk mat har sålangt vert upåklageleg. SÅ mykje god mat! India er vegetarmaten sitt heimland, og eg har ikkje ete kjøtt på nesten 1 måned. Dette har diverse årsaker. Eit enkelt resturantbesøk der eg åt Tikka Masala (kylling) førte til eit ubehageleg møte med termen "Indian belly". Vegetarrettar er tryggare (innbiller eg meg) og det er så godt. Ein må berre huske å ete yoghurt ved sidan av. På den måten beholder ein tunga (spicy skjønner du). Her finns også mykje god frukt. Mango, ananas og papaya er favorittar.

Dette var nokre tankar og erfaringar eg har gjort meg sålangt. Og meir skal det bli.

                            Skitt, livet er fint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar