Følgere

torsdag 12. juli 2012

Avreise imorgon!!

Jippi!! Imorgon (!!) setter eg meg på flyet til Hyderabad. Sommarfuglar i magen! Etappen er Sandane - Oslo - Helsinki - New Delhi - Hyderabad. Mitt utvekslingsopphald står for døra. Etter to år som antropologistudent ved universitetet i Bergen, skal eg endeleg ut i den store verda.
Vi er tilsaman 5 studentar frå UIB, som skal studere ved University of Hyderabad. Vi blir ein fin gjeng! To av oss skal studere der eit heilt år. Forventningane er mange.
Nyskjerrige og med hovuda fulle av tankar, trer vi ut av komfortsona her heime i Noreg, og reiser til eit land fylt av kontrastar.

Eg har brukt mykje tid på å forestille meg korleis det vil bli. Blir kultursjokket så stort at eg aldri blir den samme igjen? Vil eg klare å formidle alle dei sterke inntrykka, når eg er tilbake i Noreg? Vil eg starte alle setningar med "Då eg studerte i India"? Sannsynligvis. Kultursjokk og sterke inntrykk blir ein del av opplevinga.

Kvifor India? Det er eit godt spørsmål. India har alltid fascinert meg. Gjennom populærkultur og turisme har ein høyrt om Bollywood, Taj Mahal, Ganges, hinduistiske gudar, heilage kuer, Mahatma Gandhi, og så mykje meir. India er nærmast eit kontinent. Med sine 1,2 milliardar innbyggarar er India eit av det mest folkerike landet i verda. Kvifor ikkje reise dit å erfare fenomener, som ein ikkje finner på den nordlege halvkule? Nye lukter, mennesker, kultur, landskap, mat, historie, tradisjonar, osv. Det er alt dette som fascinerar meg meir enn noko anna! Antropologi i praksis.
Nokon kallar meg tøff, eg kallar meg priviligert. Denne muligheten ser eg på som unik.

Det blir spennande å skulle studere ved eit indisk universitet. På University of Hyderabad studerar det omlag 5000 studentar. Indere, men også andre internasjonale studentar studerar her. Eg vil med andre ord møte mennesker frå ulike delar av verden. Å bu og studere ved dette universitetet,  blir både ein personleg og fagleg utfordring. Forskjellar på studiekvardagen i Bergen og i Hyderabad blir eit faktum.

Kaffepauser blir bytta ut med chaipauser, norske forelesarar bytta ut med engelskspråklege forelesarar, antropologifag bytta ut med indisk filosofi og historie, SIB sine spinningtimar bytta ut med yoga, vått Bergensveir bytta ut med eit varmt klima. Dette må jo berre bli bra!

Denne bloggen vil eg oppdatere så ofte eg kan. Venner, familie, bekjente, og andre interesserte kan følge med!



                          "Verden er en bok, og de som ikke reiser leser kun en side" - St. Augustine

Hyderabad ligger i staten Andra Pradesh

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar