Det var ein sliten gjeng, som etter over 20 timar på reisefot kunne stige ut av flyet i Delhi. Varmen slo mot oss med all sin kraft, og India-eventyret var endeleg igong. Uttrykk som "dette er heilt sjukt" og "tenk at vi er i India" blei nevnt opp til fleire gongar. Letta.
Frå Delhi tok vi flyet til Hyderabad, byen eg skal bu i dei neste 11 månedene. Tenk det. Sålangt har inntrykka vert gode. Vi bur på eit hyggeleg hostell for internasjonale studentar, som ligger ein halvtime utanfor sjølve bykjerna. At Tangore er eit veldig internasjonalt hostell er ein sannheit med modifikasjonar. Dette semesteret vil studentane stort sett antan vere norske eller amerikanske. Med amerikanere i fleirtal. Hyggeleg det altså. Området rundt er frodig, grønt og rolig. Det er på mange måtar ein behageleg plass å bu, unna byens verste kaos. Ulempen ved å bu på eit frodig område, er dei 50 ulike slangetypane som finnes her. Med andre ord, det blir ingen joggeturer på meg. Eg skal heller satse på å leige meg ein sykkel. På den måten kjem ein seg lett rundt omkring på universitetsområdet. Det blir spennande gjere seg betre kjent.
Vi har smakt på indisk mat, det finns utruleg mykje godt å smake på. Og heldigvis har magen det fortsatt bra. På hostellet får vi tre måltider om dagen, noko som er ok+ for ei som ikkje er fullt så glad i matlaging. No til veka skal vi ha orientering om ulike fag, og vi skal få ein heil del informasjon om semesteret. Det skal bli godt å kome igong, og ikkje minst bli betre kjent med menneskene her.
Det er mange inntrykk og tanker, som surrer i hovudet no i starten; Indere stirrer på oss med nyskjerrige blikk, rister på hovudet når vi spør dei om noko (det kan bety både ja,nei og kanskje), trafikken har få eller ingen regler, utenom at eit kort tut og eit langt tur betyr ulike ting, det er varmt. Plutseleg går strømmen.
Ein føler også at ein må forte seg med å utforske, uten å heilt vite kor eller korleis ein skal starte. Samtalene handler ofte om kor i India ein ønsker å reise i ferien, dette før ein har gjort seg kjent med byen ein faktisk bur i. Vi er ivrige og eventyrlystne, samtidig som vi er litt usikre på kva som venter oss.
Ingen tvil om at dette blir eit spennande og annerledes studieår, og eg gledar meg til å kaste meg ut i det med heile min norske kropp!

| Neste stopp, New Delhi. |
| Utanfor eit av fakulteta, "study in India program" |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar