Følgere

fredag 20. juli 2012

India, deg kan eg like!

No er det ei veke sidan eg forlot norsk jord. Her nede føles det ut som ein måned. Eit nytt land, ny kultur, nye mennesker og eit nytt universitet gir følelsen av eit tidsperspektiv lengre enn ei veke.
Busituasjonen her minner om ein folkehøgskule-tilværelse. Her bur ein tett saman med andre. Å synge i dusjen her, faller seg ikkje like naturleg som heime i Noreg.
All mat på huset her fortærer ein saman i ein stor spisesal. Lydnivået er høgt, og samtalane krinsar omkring navn, nasjonalitet, kva fag ein tenker å ta, osv. Maten i seg sjølv er fantastisk god, servert av eit smilande personale.

Denne veka har vi også blitt betre kjent med universitetet og campus. Vi har gått på såkalt "courseshopping", der vi kan stikke innom ulike forelesninger. På denne måten kan ein sjå ann fag og professorer. Tilgangen på informasjon, til dømes om tidspunkt for fag, sted for undervisning osv er avhengig av at vi oppsøker professorene personleg. Dette er veldig annleis frå kva vi er vant med, som studentar i Bergen. I social sciences bygget er det mange korridorer, som minnar om ein labyrint. Det har dermed vert ein del frustrasjon, og ein saknar at informasjon ikkje blir gitt over nett. Men dette tar vi med eit smil, og begrunner det med kulturforskjellar. Her går alt på India sine premisser, og ting tar lengre tid her..
Eg har vert innom interessante forelesninger, og har bestemt meg for nokre fag. Yoga- theory and practice, Sociology of India og Indian Diaspora blir nokre av faga eg skal ta dette semesteret. Eg har også muligheten til å ta Basic Hindi. Sidan hindi er det nasjonale språket i India, hadde det vert veldig kjekt å kunne forstå litt av språket.

Vi har også gjort oss litt betre kjent i Hyderabad. Det er ingen lett sak. Her bur det over 7 millioner mennesker. Det er med andre ord vanskeleg å orientere seg. Byen Hyderabad er interessant og kontrastfylt. På den eine sida finns det høge fancy bygningar i High-tech city. Eit kjøpesenter vi har besøkt er meir moderne enn nokon av dei norske kjøpesentra i Noreg. Her får ein tak i alt ein måtte ønske, og ein får følelsen av at ein ikkje eigentleg er i India.
På den andre sida finns her kaotiske marked, der ein verkeleg får ta pulsen på indisk kultur. Indere stirrer, og stoppar for å ta bilete av oss. Vi er vestlege attraksjonar i ein indisk kontekst. Tiggere i alle aldrer stoppar oss. Trafikken er kaotisk. Dette er ikkje landet å vere distrè i. Alt dette er så annerledes og samtidig spennande :) Og allerede etter ei veke kan eg garantere at bagasjen heim blir overfylt med indiske skattar! Venner og familie, gled dykk!


Fargerikt!
På markedet fekk vi også dekorert hendene våres. Med blanda resultat.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar