Følgere

lørdag 27. oktober 2012

Dussehra festival i Hyderabad!

Dette er noko vi har skjønt etter 3 måneder i India: India er festivalenes land! Dei ulike festivalene representerer viktige sosiale, kulturelle og religiøse aspekter i samfunnet.

Onsdag 24 oktober var ein offisiell helligdag, og vi fekk vere med å feire! Denne dagen var den tiende, og siste dagen av hindufestivalen Dussehra. Festivalen blir feira på ulike måter rundt om i India, også på sin måte i Hyderabad. I korte trekk, festivalen markerer at hinduguden Rama sigra over demonkongen Ravana. Dussehra-festivalen feirar at det gode vann over det onde. Så klart må ein feire det!

Hinduer markerer Dussehra blant anna med å ofre mat til guder i templene, velsigne ulike husartikler som kjøkkenutstyr, bøker, datamaskiner, også kjøretøy. Ved å gjere det på akkurat denne dagen, vil det bringe lukke. Det er også vanleg å ha parader i gatene. Musikk, fargar (som ein blir smurt inn med), dansing og smil er noko av det som pregar paraden. Alt dette er ein av grunnane til at India er eit fantastisk land å befinne seg i. Gatene er fulle av liv, og mennesker i alle aldrer dansar og ler.


Her er ein liten video, som viser det fargerike, morosame og fantastiske livet ein heilt "vanleg" onsdag ettermiddag. Legg merke til dei elleville kvinnene!






1 kommentar: