Følgere

tirsdag 23. oktober 2012

Bryllup på den indiske landsbygda


Det var ein heilt vanleg dag i Hyderabad då Kaia ringte meg å sa: "Marianne, vi er inviterte i bryllup!!".
Å oppleve eit ekte indisk bryllup er noko eg og andre har snakka om sidan vi kom hit. Indisk bryllup står på lista over ting ein må oppleve når ein er i India. På lik linje som å besøke Taj Mahal, ri på elefant og kamel, vere statist i ein ekte Bollywoodfilm og å oppleve Himalaya ved soloppgang (alt dette er fortsatt ugjort, men innen rekkevidde).

Meg, Kaia og Gjertrud pleier å delta på yogatimar på ettermiddagane, og det var nettopp der vi fekk invitasjon til dette indiske bryllupet. Ein hyggeleg inder, som vi no har stifta bekjentskap med, inviterte oss i bryllup til søstra hans. I Noreg ville ein ikkje invitert tilfeldige mennesker i bryllup, men i India er det tydligvis heilt normalt. Vi protesterar ikkje..

I lykkerus over invitasjonen, bestemte vi oss for å kjøpe sarier. Eit plagg som er det mest vanlege plagget for indiske kvinner. Vi oppsøkte ein sariebutikk, som hjalp oss med å velge ut stoff, deretter blei stoff og mål sendt til skreddaren. Å velge ut farge og mønster på sarien var ikkje lett. Overveldande mykje fint. Men alt gjekk ikkje knirkefritt. Min lilla vakre sarie blei ikkje ferdig i tide (arg!!!), så eg endte opp med å låne sarien til ein av dei andre utvekslingsstudentane. Den var grøn, og neeeesten like fin som den eg eigentleg valgte ut.

Bryllupet fann stad i ein liten landsby like utanfor Theni, som ligger i staten Tamil Nadu, sør for Hyderabad.
Ein flytur og to bussturar unna var vi framme. Første natta budde vi i det huset der bryllupet skulle ta plass. Vår indiske venn var ein utmerket vert, og vi blei godt ivaretatt. Andre bryllupsgjester var overraska over å sjå tre blonde jenter der, og oppmerksomheten vi fekk var stor. Men det er for så vidt ikkje noko nytt for oss...
Bryllpet var innholdrikt men ganske kortvarig. Det starta kl 07.00 på morningen (!!) og var ferdig rundt kl 12. Vi åt fantastisk god mat, servert på bananblader. Vi helste på maaaange folk. Og vi sprada rundt i sarier.

Vi fekk eit interessant innblikk i korleis eit hindu bryllup går føre seg. Ekteskap er ein av dei viktigaste sosiale institusjonane i det indiske samfunnet. Vi blei fortalt at familiar investerer store summar i bryllup. I ulike kaster er det fortsatt vanleg med arrangerte ekteskap. Ein annan dimensjon ved arrangerte ekteskap er nettopp at brud og brudgom er frå same kaste. Oppretthalding av sosial status er ein av grunnane til at ein giftar seg med nokon innanfor eins eigen kaste. Arrangerte ekteskap innanfor same kaste er ein av faktorene, som spelar inn i opprettholdelsen av kastesystemet i India. Trist nok..

Her er nokre bilder frå bryllupet:

Vi fekk lokal hjelp ved sariepåkledning

Diskrè tilskuerplass

Bryllupsparet i midten på bildet. Brudens famile til venstre, og brudgommens famile på høgre side. Ritualer med mat, kokosnøtter og blomster.



Vi overakk vår beskjedne gåve til brudeparet. Heilt til venstre er kusina til bruda, og til høgre i bildet vår venn Dipak, brudens bror.








Vakre vakre jenter i sariene sine.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar