Følgere

tirsdag 25. september 2012

This is India

Det er såklart maaaange ting i India, som er veldig annerledes frå Noreg. Naturen, klimaet, maten, kulturen, språket, trafikken og så mykje meir.  Nedanfor er nokon av dei mange tinga, som ein sjelden eller aldri møter på i Noreg..

1. Ein annerledes transportkultur. 
Å kome seg frå stad til stad i India, kan til tider vere tidkrevande. Å bu i ein by med omlag 8 millioner innbyggerer krever ikkje berre tid, men også ein stor dose tolmodighet. Her i Hyderabad er vi ivrige brukarar av såkalte "rickshawer".  Desse mopedtaxiene kan romme mange personar, alt etter korleis ein organiserer det. Vi har klart å vere 7 stk i ein rickshaw eingong. Då satt nokon oppå andre, og to satt framme ved sjåføren. Eg har sjølv såtte halvveis ut av ein rickshaw. Det kan vere ein nervepirrande oppleving. Intimgrenser er ikkje eksisterande, og tolmodigheten spelar inn når vi skal avtale pris med rickshawsjåføren. Han (det er kun menn som køyrer rickshawer) seier alltid først  ein latterleg høg pris til oss. Dette fordi vi er lyse i huda, og ikkje veit betre. Den gong ei. Vi kan stå lenge å diskutere pris med rickshawsjåføren, nokon gongar får vi prisen vi ønsker, andre gongar gir vi etter. Alt etter kva tolmodigheten tåler. Som oftast ristar sjåføren velkjent med hovudet til slutt, og begge partar blir fornøgde.
Vi har allerede reist til ulike stadar i India, deriblant Kerala, Goa, Hampi og Pondicherry. Vi har tatt nattog, som også er ein annerledes opplevelse enn NSB toget i Noreg. Det er for det første mange fleire mennesker på eit indisk tog, og "privatliv" er ein ukjent term. Ein har sin eigen hard seng, men fortsett frå det kan alle stirre på deg så mykje dei vil. Mennesker går rundt om på toget å roper ut at dei selger snacks og chai. Det kan vere slitsomt å bli vekt av ein slik person.
Eg har også for første gong tatt ein sleeperbus, som også var ein interessant opplevelse. Å ligge horisontalt på ei seng, samtidig som bussen humper avgårde på ein dårleg grusveg, kan forårsake kvalme og redsel. Heldigvis gjekk det bra til slutt. Tolmodighet spelar også her ei stor rolle. Midt på natta kan bussen stoppe, og folk forteller deg at du må bytte buss. Bussturen ein trur skal ta 10 timar tar plutseleg 14 timar. Bussen har ikkje toalett, så ein ventar forhåpningsfullt på at bussen skal stoppe ein stad. Om den ikkje gjer det, må ein smøre seg med tolmodighet.
Alt i alt er det mange muligheter for å kome seg frå stad til stad. Rickshawer, busser, tog og fly er rimeleg billig. Avstandane er lange, men transportkulturen er halve opplevelsen.

Rickshawdriver
Nattog frå Hyderabad til Chennai


2. Mangel på god kaffe
Eg hadde store forventningar til indisk kaffe. Den store kaffeelskaren som eg er, hadde aldri trudd at god kaffe ville bli ein mangelvare. Men det er det! Slikt har eg erfart før, når eg har reist i Sør-Amerika. Eit land som dyrker, produserer og eksporterer kaffe, drikker ikkje mykje kaffe sjølv. Det er min teori. Indere drikker ikkje mykje kaffe, dei eksporterer den ut til andre kaffefrelste land, som Noreg til dømes. Indere drikker te.  Eg og andre internasjonale studentar er alltid på jakt etter god kaffe. På resturanter serveres det noko som er tilsvarande kaffe. Store doser melk og sukker gjer at ein knapt kan smake forskjell på kaffe eller chai. Her om dagen hadde ei av dei norske jentene problemer med å konstantere om det var kaffe eller chai ho drakk.
Heldigvis har eg vert heldig å funne god kaffe, kjøpt på eit supermarked. Kaffen er frå Kenya, og den smakar faktisk kaffe. Eg har også kjøpt meg ei presskanne, så no har eg alltid ein god start på dagen. Hurra!

3. Nyskjerrige blikk
Eg kan ikkje få nevnt det ofte nok, men indere stirrer såååå mykje på oss. Eg har til dømes aldri fått så mykje oppmerksomhet frå menn, som den oppmerksomheten eg får her. Dette gjelder alle oss studentar som er frå Vesten. Ja, eg forstår at vi skiller oss ut. Og ja, vi pratar ein anna språk, kler oss annleis og har eit ulikt kroppsspråk. Men likevel, er det nødvendig å stirre så mykje? Herregud. Vi opplever at mennesker stoppar opp, og mennesker snur seg etter oss. Nokon spør om dei kan ta bilder av oss, andre tar bilder uten å spørre først. Nokon vil vere med på bildet. Ein søndags ettermiddag besøkte vi Hyderabad zoo. Dyrehagen viste seg å vere eit populært søndagsbesøk, for det var vanvittig mange mennesker der. På eit tidspunkt følte eg at vi seks lyshuda studentar var del av dyrehagen. Vi stirra på dei eksotiske dyra og tok bilde. Mens indere stirra på oss å tok bilde. Rart. Korleis kan vi vere meir spennande ein Bengaltigeren? Oppmerksomheten og stirringa varierer etter kor i India vi er. Nokon stadar er vant til vestlege personar, andre stadar ser aldri eller sjelden vestlege personar. I Goa til dømes er dei veldig vant til turister. Der blei oppmerksomheten retta mot lommebøkene våre. Smykkeselgerne på stranda dro oss omtrent til vanvidd.

Do not tease tourists




4. Lite struktur
Å vere student i eit anna land, krever også her ein dose tolmodighet. Pensumlister og leselister er ikkje kvardagskost ved Univeristy of Hyderabad. Vi har heller ikkje fått eksamensdatoer. Noko som er frustrerande med tanke på reiseplanar i desember.
Å vere tilstede i forelesningar kan også vere ein interessant og annerledes oppleving. Powerpoint er fråværande. Eg har ein forelesar som leser opp lange definisjonar på enkle termer. Dette er definisjonar vi lettare kan lære oss frå ei bok. Den timelange forelesninga 4 dagar veka, forblir dermed ein tørr time. Det hjelper heller ikkje at han har ein ustrukturert måte å forelese på.
Vi har også opplevd fleire gongar at forelesningar plutseleg er avlyst, eller at forelesar ikkje dukkar opp. Slike ting får vi sjelden beskjed om på førehand. Ein anna ting som skjedde ein dag, var at forelesaren vår avbraut undervisninga halvveis,  fordi han meinte at dei fleste ikkje var konsentrerte nok. Ein anna grunn var også at halvparten ikkje var til stede. Han ville ha ei ny forelesning dagen etter, utan å tenke på at vi har andre timar på det gitte tidspunktet. Kvar er strukturen i det liksom?
Mitt norske vesen er vant til meir struktur i studiekvardagen, spesielt frå universitetets side. Men her må vi godta at ting gjerast annleis.

5. Dyreliv
Vi bur på ein grønn og frodig campus. Her er det små innsjøar, palmar og plantar i alle fasongar. Dyrelivet er også mangfoldig. Det er ikkje uvanleg at ein villsvinfamilie spaserer langs vegen, eller at ein flokk med bøfler  plutseleg kryssar vegen. Ganske facinerande. På campus går det også hunder rundt omkring. Dei er ikkje særleg søte. Og vi må passe oss slik at dei ikkje biter oss. Ei eg kjenner blei bitt av ein hund, og måtte dermed på sjukehuset for å ta rabiessprøyte. Fysj.

Det er heller ikkje uvanleg at ein ser apekattar. Dei er søte ved første augekast. Men eg hadde ein ubehageleg opplevelse der eg stoppa opp for å ta bilde av ein apekatt. Det likte han ikkje, og han freste til meg. Eg var sikker på han skulle angripe meg. Skremmande. Eg har lært ei lekse. Ein tullar ikkje med apekattane..




søndag 26. august 2012

Høgt og lavt i Kerala

Her kjem eit altfor seint blogginnlegg. Uannsett, forrige veke fekk vi muligheten til å reise til Kerala!  Takka vere Independence day og Id al Firt, to av dei 18 (!) offisielle helligdagene i India. Spontant og på eige initiativ pakka vi sekken og utforska ein ny og spennande stad i dette fantastiske landet.
Det er noko med oppholdet i India, som gjer at reiselysta kriblar i heile kroppen. Inne imellom studier leitar vi etter helger og fridagar, som gir oss muligheten til å reise. Bra for oss at India har så mange helligdagar!

Kerala ligger sørvest i landet, og blir kalt for å vere Gods own country. Blant anna går Kerala for å vere den grønnaste staten i India, og staten scorer høgt på Human Development Index.
Her er nokre bilder frå turen vi hadde:

Lonely Planet boka er god å ha

Beste gartneren i gata?


Første stopp på vår rundreise i Kerala var  Kochin. Vi budde i ein bydel kalt Fort Kochi. Kochi er ein stor eksportør av sjømat. På biletet ser ein dei tradisjonelle fiskenetta.
Sjømat i alle fargar og fasonger

Kochi er også kjent for sine fargerike kryddermarkeder.

Gamle sjarmerende hus

Eit av dei mest kjente turistattraksjonane i Kerala er "the Backwaters". Backwaters er eit nettverk av kanalar, elver og innsjøer. For ca 200 kroner kan ein leige ein husbåt for eit døgn. Det gjorde vi! Ombord på husbåten hadde vi vår eigen kokk og vår eigen båtfører. Det var eit ganske så fantastisk døgn!

Jentene kosar seg på dekk!





Etter backwaters og Kochi tok vi turen til Munnar. Munnar ligger i fjellene, og majoriteten av menneskene her livnærer seg av tedyrking og teproduksjon. Teplantar så langt augene rekker.

Vakker natur

Lokalbefolkning

Vi fekk ikkje auge på elefantar, men vi fekk ein advarsel i det minste.

Hiking til visstnuk eit stort fossefall.

Til og med oss nordmenn var imponerte over fossen

Fine jenter

Besøk ved det lokale temuseet.

Endå meir teplantar.

Tilbake i Kochi var planen å besøke ein "elephant training camp". Men det viste seg at den var stengt pga helligdag (!). Vi fekk likevel vere vitne til elefantar som bada..



fredag 10. august 2012

So far so good!

1 måned har gått sidan eg drog frå Noreg med ein tung koffert og eit åpent sinn. Kva har skjedd her nede? Kultursjokk? Heimlengsel? Hetetokter? Sliten?  To av tre. Inne imellom nummer 4.

- Klær! I eit forsøk på å passe betre inn blant den indiske befolkningen, har eg anskaffa meg nye indiske plagg. Fleirtalet av plagga har blomstermønster. Dette passar meg fint, sidan eg allerede er glad i blomsterplagg. Hurra! Å bruke singlet og shorts er litt kulturelt fyfy, så t-skjorteskille og leggskille blir fint.

-  Piercing! Eg har tatt piercing i nasa. Ein liten "diamant" gjer at eg tilnærmer meg det indiske imaget. Samtlige av oss kvinnelege utvekslingsstudentar har pierca nasa. Så unikt er det ikkje...

- Språk! Eg tar hinditimar frå mandag-torsdag. Til å begynne med mista eg nesten motet. I starten såg skriftspråket ut som eit skriftspråk frå Mars, men med tida har eg begynt å få tak på det. Pugging og tolmodighet er nøkkelen. Uttalen er veldig krevande, to-tre like ord uttales forskjelleg. Retroflex, dental, labials. Hæ, tenker du kanskje. Det er litt hæ. Men hindi er eit vakkert språk, og eg er heldig som har sjansen til å lære meg det. Hindi er eit av av dei 22 nasjonale språka i India (!). Språk er fantastisk!
Hindiskrift. Pugge pugge pugge..

-  Yoga! India er yogaens heimland. På universitetet her tar eg eit yogakurs, som gir studiepoeng. Noko liknande finns ikkje i Bergen. Tirsdag og torsdagsmorning startar med tøy, bøy, pust og meditasjon. Den vakre læraren vår snakkar om dei ulike "states of mind". Målet med yoga er å vere tilstede i nuet. "Bring your mind to the breath". Det er det vi prøvar på..

- Studier! Universitetet her er annerledes frå Høyden i Bergen.  Her er campus stort og frodig. Kvar morning setter eg meg på min rosa skranglete sykkel på veg til forelesning. Ringer med bjella ved forbikøyring. Og det fine er at her stjeler ingen sykler (litt kulturell naiv må ein vere).
I forelesningene bruker ein av professorene mine krittavle. Den indiske aksenten og lyden frå takviftene, fører til at vi må skjerpe konsentrasjonen betrakteleg. 2 timer forelesning utan kaffepause kan også inne imellom vere hardt. Forelesar vil også at vi skal sitere han direkte. Ofte stokkar engelske ord og begreper seg saman.
Pensum er ikkje ferdig kopiert og samla i kompendiumer. Vi må aktivt spørre professor om kva vi skal lese på, for så å finne bøkene. Dermed går vi til kopisjappa og får kopiert opp ein del av pensumet. Dette hadde eg aldri trudd eg skulle seie, meeeeeen eg saknar kompendium og Studia.


Lykken er ein sykkel.

- Veir! Klimaet her er fantastisk fint! Behageleg temperatur og moonsontid kler naturen inn i ei grønn kappe. Eg kan med trygghet konstantere at eg ikkje vil bruke orda "kaldt", "kjølig" og "fryse" så lenge eg er her nede. Og eg skal ikkje møte den norske vinteren i år.  Eg skal vere heit fram til mai. Hurra!
 
Frodig ved ein av Hyderabads innsjøar


-  Mat! Mitt møte med indisk mat har sålangt vert upåklageleg. SÅ mykje god mat! India er vegetarmaten sitt heimland, og eg har ikkje ete kjøtt på nesten 1 måned. Dette har diverse årsaker. Eit enkelt resturantbesøk der eg åt Tikka Masala (kylling) førte til eit ubehageleg møte med termen "Indian belly". Vegetarrettar er tryggare (innbiller eg meg) og det er så godt. Ein må berre huske å ete yoghurt ved sidan av. På den måten beholder ein tunga (spicy skjønner du). Her finns også mykje god frukt. Mango, ananas og papaya er favorittar.

Dette var nokre tankar og erfaringar eg har gjort meg sålangt. Og meir skal det bli.

                            Skitt, livet er fint!

tirsdag 7. august 2012

Å kjenne at ein er til!


Denne helga var vi på tur til Hampi! Hampi er ein liten by i delstaten Karnataka. Denne indiske byen er ein viktig stad, både historisk og religiøst. Tidligare var Hampi hovudstaden for hindi-imperiet Vijayanagara, som regjerte på 1300-1500 talet. Denne helga besøkte vi blant anna ruinene etter dette imperiet. Hampi anbefales på det sterkaste!

Torsdagskveld hadde vi pakka sekken, og var forberedt på å sitte på buss i 9 timar. Alltid spennande med kollektiv trafikk i andre land, spesielt i India. Spesielt også når det handlar om tid. Vi blei ståande å vente på bussen vår i 3 timar, i regnet. Bussmenneskene på kontoret roa oss ned med "Its coming in 10 minutes". Denne setninga må tolkast som ei høflighetsfrase, og tillegges ein stor dose tålmodighet. Ti minutter er aldri ti minutter.

Vi kom omsider fram til Hampi neste morning. Humpete veg, hysterisk tuting og risikofylte forbikøyringer var gløymt. Vi innlosjerte oss på eit koseleg lite hostell, og oppdagelsesferden kunne starte.

Helga var utruleg innholdsrik. Høgdepunktet var dagen då vi leigde motorsyklar og ein lokal guide. Guiden tok oss med på ein fantastisk rundtur i Hampi. Naturen i dette området var så fantastisk fin. Palmar, mango og banantrær, store steinar, og eit rikt dyreliv satte ei idyllisk ramme rundt Hampi. Eg synest det var fint å kome unna den ellers så skitne og bråkete storbyen Hyderabad. I Hampi spaserte det kuer rundt omkring i gatene, og apekattar slengte seg frå hus til hus.

"Gje oss rupies, og du får eit bilete med oss"
Meg og ei heilag ku.

  Guiden kunne fortelle oss at Hampi er ein attraktiv stad for pilgrimar frå heile India. Den heilage elva og dei gamle templene er viktige religiøse knutepunkter. Vi var vitne til ein fargerik parade, som visstnuk var del av ein større festival. Vi såg også pilgrimer bade i den heilage elva, og vi fekk ein hinduistisk prest til å knuse kokosnøtter for oss. Det er fasinerande å vere vitne til dei ulike religiøse praksisene, og ein forstår at religion har ein viktig funksjon for menneskene i India.

Mennesker og tempel


Vi blei fortalt at festivalen var til ære for apekattguden. I India finns det ein festival for alt mulig.

Herlege barn i paraden.


 Bortsett frå gamle ruiner og parader, tok guiden oss med på noko sjukt noko. Det skulle vise seg å vere ein aller så liten opptreden beståande av to menn og 5-6 kobraslanger. Mennene forsikra oss om at tennene til slangane var fjerna, og at dei dermed var ufarlege. Slangane bevegde seg etter fløytespel, og vi var skrekkslagne fasinerte. Nokon var tøffe nok til å halde dei, men ikkje den undertegnede. Ein stad går grensa. Likevel ei surrealistisk og kul oppleving!


Kobraslanger!



                                                       Innholdsrik helg og mange bilder!

Virupaksha-tempelet i bakrunnen. I framgrunnen utvekslingsstudentar og indiske venner.
Tempel-elefanten Lakshima velsigna oss med snabelen for 10 rupies.

Rampete apekattar

Ruiner og fint landskap

Turistbilete ved elvebredden.

Herlig indisk lunsj ved "Mangotree".

Genialt framkomstmiddel for ein billig penge..

Fantastisk utsikt

I farta bilete. Indiske barn synes det er stas med kamera.

Matlaging i stor skala

Vanligvis er denne elva større i moonsoontida. Men i år regnar det mindre enn vanleg..

Betenkte damer ser utover ruinene etter Hindi-kongen.

onsdag 25. juli 2012

Sightseeing i Hyderabad!

I helga som var, blei det tid til å sjå seg om i Hyderabad. Dette var på mange måtar etterlengta, sidan studentlivet på campus kan opplevast som ei boble. Det blir lett å tenke at folkelivet er "der ute". Noko det også er.
Som i Noreg er helgene forelesningsfrie, og helga er perfekt til å bruke på akkurat det ein måtte ønske. På laurdagen var vi ein liten gjeng, som bestemte oss for å utforske gamlebyen Hyderabad. Dermed vart dette dagen der vi erfarte vårt første møte med togkulturen i India. For i dette landet er det tog som gjelder. Eg hadde forestilt meg eit fullstappa tog med mennesker og kyr. Det skulle vise seg at toget kun var stappfullt med mennesker. Like greit.  Toget var delt inn i kvinne og herreseksjonar, som i og for seg indikerer ein kjønnsdelt indisk togkultur.


Tog!

Søndagen var vi også ei større gruppe, som besøkte gamlebyen Hyderabad. Denne gongen hadde vi vår eigen buss.
I gamlebyen besøkte vi "Charminar", som betyr "Mosque of the four Minerats" og "Four Towers". Charminar er det mest kjente monumentet i Hyderabad, og det er lokalisert i midten av gamlebyen. Charminar var eit imponerande byggverk, men det var ikkje dette som fanga min oppmerksomhet mest. Rundt dette monumentet finnes det eit utruleg folkeliv. Markeder, dyr, mennesker, biler og rickshawer skapar ein følelse av det komplette kaoset. Kaoset eskalerer også når ei gruppe vestlege studentar traskar rundt her, og oppmerksomheten vi får er enorm. Overveldande, og på kanten til det absurde. Her er det nemlig heilt vanlig å bli fotografert saman med indere og gjerne med fleire av familiemedlemmane. Ei amerikansk jente opplevde å måtte halde ein liten unge, slik at mora kunne ta bilete av dei. Eg undrar over om bildet endar opp på ein indisk stuevegg. For min del har eg aldri før følt meg som ein kjendis, og dette er kanskje det nærmaste eg kjem. Morsomt!

Charminar!
Kvar er Willy?










Kjære mamma. Eg vurderer ein tur til den lokale tannlegen..
"I carried a watermelon".



Denne dagen fekk vi også besøkt Salarjung Museum, som huser kunstverk frå heile verden. Vi besøkte også Chowmahalla Palace, som i kontrast til basarene rundt Charminar var eit fredfylt område. Dette palasset var tidligare hovudsetet til Asaf Jahi dynastiet på 1800 talet.


Flotte jenter ved Chowmahalla Palace.




Inne imellom kunst, historiske bygningar og gateliv fekk vi smakt på ekte indisk mat, der tallerkenen var bytta ut med bananblad. Bestikket bytta ut med fingrene. Det er dessutan ein kulturell greie i India, at ein ikkje skal ete med venstre hånd. Dette er noko eg må jobbe hardt med. Eg er venstrehendt.






Diane is happy!