Følgere

søndag 18. november 2012

Semester over!

4 månedar er forbi. Eit semester ved University of Hyderabad er over. Det har gått så fort. Eg huskar veldig godt første veka her, alt var nytt. Mennesker, internatlivet, den sterke maten, varmen, universitetet, kulturen.
Ting var ikkje organisert på same måte som heime. Ved dette universitetet registrerar ein lite online. Skjemaer og kurslister registreres for hånd. Vi måtte oppsøke professorer for å finne ut når forelesningane skulle vere. Vi gjekk på "courseshopping" for å finne ut kva kurs som var gode eller dårlege. Nokon professorer virka systematiske og flinke, andre var vanskelege å forstå. Eg valgte kurs som yoga, hindi, International relations og Sociology of India. Eg har lært mykje. Eg har vert frustrert, engasjert, lei, positiv, likegyldig osv. Alle følelsar har vert med i prosessen.
Forelesningar har blitt avlyst, prøver utsatt. Vi har sakna strukturen og effektiviteten vi kjenner frå heime. Vi har bitt tennene saman å skyldt på kulturforskjellar. Vi har lært å erkjenne at universitetet her er annleis frå universitetet heime. Vi har tilpassa oss.
For all del, eg har lært noko nyttig og. Eg har fått innblikk i hindispråket (noko som eg og vil fortsette med neste semester), eg har praktisert yoga og lært om filosofien bak yoga. Eg har lært om kastesystemet og korleis det fortsatt er gjeldande i samfunnet. Det er også nytt å kun ha forelesningar på engelsk, og å skrive oppgåver og eksamener på engelsk.

Bortsett frå å studere, har eg lært ein ny kultur å kjenne. Om ein i det heile tatt kan definere kva som er indisk kultur. India er alt. India har ingen homogen kultur. Omtrent kvar enkel stat har sitt eige språk og eigne tradisjonar. Det er det som er så spennande med dette landet. Eg har reist mykje iløpet av semesteret, mykje meir enn eg hadde forventa å gjere. Eg har vert i vest, øst og sør. Eg har reist på 16 timers lange togturar, som er ein opplevelse i seg sjølv. Eg har besøkt titals hindutempler, budd i ein husbåt i Kerala, tatt skremmande bussturar, klappa kobraslanger, vert på "slumtour" i Asias største slum i Mumbai, dansa i Hyderabads gater, bada og sola meg i Goa, ete mykje rar og fantastisk mat, kjærleik, vert på besøk i ein indisk landsby, vert i indisk bryllup, gått med sarie, lært å synge på sør-indisk vis, eg har møtt fantastiske mennesker som viser ein varm gjestfrihet (noko vi nordmenn har mykje å lære av). Lista er evig lang!

Eg har kjent på heimlengsel. Lengsel etter venner og familie heime, norsk mat, privatliv, norske måtar å gjennomføre ting på, lengsel etter trær som skiftar farge om hausten. Likevel er ikkje lengselen større enn opplevelsane eg får her. For ikkje å snakke om menneskene eg møter, og erfaringen ved det å bu i eit nytt og annerledes land.

Neste veke pakkar eg sekken å reiser på ein laaang vinterferie. Saman med kjekke folk eg har blitt kjent med her, skal vi utforske den nordlege delen av India. Og ein stor glede er at eg får besøk frå Noreg. Regine landar i Delhi 19 desember, og ho blir med vidare på rundreisa.

Her er reiseruta: Hyderabad- Aruku Valley - Calcutta - Varanasi - Kathmandu (Nepal og trekking i Himalaya)- Delhi -Amritsar - Delhi- Agra (Taj Mahal jippi)- Jaipur (julefeiring på eit fint hotell), Odaipur, Goa (nyttår på stranda). Fantastisk, ikkje sant? Eg takkar den norske staten for lån og stipend, som rekker lengre her enn i Noreg. Ingen norsk jul på meg, men det er heilt ok. Trur eg.

 Her er nokre tilfeldige bilder frå denne innholdsrike hausten:

Fargerik Dusshra- hindufestival i Hyderabad



På stranda i Pondicherry

Sleepertrain. Her er det lite privaliv

Utanfor Mysore Palace. Villige foto-objekter


Vakre mennesker

Indisk bryllup i Thèni



Madurai

Cultural Evening på campus, der vi utveksligsstudentar stod for programmet.


Meg og Gjertrud gjorde vår eigen versjon av "Du skal ikkje sova bort sumarnatta". Viktig med norske tonar.


Gateway of India i Mumbai.


Besøk i Gandhi-huset i Mumbai. Inspirerande.

Solnedgang ved Chawpattibeach i Mumbai


Besøk på Starbucks i Mumbai, den første og einaste i India

Victoria Terminus i Mumbai.

Fargerikt!

Gatekunst i Mumbai



Viktig advarsel!